Sletting av studiegjeld

Den nye statlege støtteordninga slettar 25 000 kr av studiegjelda til dei som vel å bu i usentrale kommunar kvart år. Dette skal motivere folk til å bu i distrikta og halde høge kompetansenivå i desentraliserte kommunar.

Askvoll er i sentralitetssone 6, som er den minst sentrale kategorien. Sonetilhøyrsle er bestemt av faktorar som nærleik til arbeidsplassar og sentrale funksjonar. 

Kor store summar er det snakk om? 

Kvart år får yrkesaktive busett i Askvoll kommune sletta 25 000 kr frå studiegjelda si. Gjeld blir sletta kvart år fram til heile gjelda er nedbetalt.

Når blir første summen sletta frå gjelda? 

Dei som er i fulltidsjobb frå 1.1.2025 eller før får sletta 25 000 kr av gjelda si 1. januar neste år. For dei som startar jobben i løpet av året vil startdatoen avgjere kva dato du får studiegjelda sletta neste år.

Meir informasjon om ordninga finn du på regjeringa.no