Retningslinjer for tilskot til drift av frivillige ungdomsklubb/ungdomsarbeid 2024
- Askvoll Kommune v/ungdomsrådet set kvart år i budsjettet av ein sum pengar til driftstilskot til frivillige ungdomsklubbar/ungdomsarbeid. For 2024 er det kr. 35.000,- til fordeling.
- Alle som driv ein privat ungdomsklubb/organisert ungdomsarbeid på frivillig basis, og som fyller krav til søkjar og aktivitet under punkt 3 og 4, kan søkje om støtte.
- Krav til søkjar: ungdomsklubben må ha eit styre, ein leiar og ein eigen konto. Klubben må ha ein aktivitetsplan, føre enkel oversikt over aktivitetar og tal deltakarar gjennom året og rekneskap over drifta.
- Krav til aktiviteten: aktiviteten i klubben skal vere open or alle. Eventuelle inngangsbillettar/eigenandel må ikkje vere av slik storleik at nokon vert ekskludert frå å vere grunna økonomi.
- Oversikt over driftsutgifter og driftsinntekter.
- Frist for innsending av søknad er 17.november 2024
- Tilskotssummen vert fordelt på dei som til ei kvar tid driv med aktivt ungdomsarbeid/ungdomsklubbar ut i frå aktivitetsnivå og tal deltakarar. Rapport over aktivitetar skal sendast i lag med søknaden til kommunen.
Det er
Askvoll ungdomsråd som handsamar søknadene og fordeler tilskotet.
Trykk på "neste" for å starte utfylling av søknadsskjemaet.